Ledig stilling som spesialpedagogisk rådgjevar i 50 % og lærar i 50 %

På grunn av at den spesialpedagogiske rådgjevaren vår er innvilga permisjon, er me på utkikk etter ein vikar i stillinga. Vikariatet er eitt år, men kan verte forlenga i tilsaman tre år.
2024-01-25

Sentrale oppgåver er at rådgjevaren på systemnivå skal hjelpe lærarane med at elevane får tilrettelagt undervisninga på best muleg måte. Dersom ein elev likevel ikkje har utbytte av undervisninga, skal rådgjevaren hjelpe elevane som ønskjer det, med å søkje om spesialundervisning på bakgrunn av pedagogisk rapport i faga der det skal søkjast om spesialundervisning.

Den spesialpedagogiske rådgjevaren leier skulen sitt ressursteam og gjennomfører sjølvstendige møte med elevar, pedagogisk psykologisk teneste og andre instansar når det er nødvendig. Andre døme på oppgåver er å jobbe aktivt for at skulen skal vere dysleksivenleg, å kartlegge elevane, å hjelpe elevane med å søkje om hjelpemiddel, å gi opplæring i bruk av hjelpemiddel og anna nødvendig støtte.

Spesialpedagogisk rådgjevar arbeider tett saman med skulen si leiing, og det er forventa at ein er samarbeidsvillig, løysingsorientert, ikkje redd for ansvar, strukturert, ryddig og effektiv i sitt ansvarsområde.

Det er mykje elev- og foreldrekontakt i stillinga, og ein må forvente å vere tilgjengeleg på arbeidsplassen gjennom heile veka. Me forventar derfor at stillinga vert kombinert med undervisning og ønskjer tilnærma 100 % oppmøte på arbeidsplassen gjennom veka. I tillegg må ein pårekne noko rådgjevararbeid utanom den ordinære arbeidstida, og deltaking på skulen sine helgearrangement. Det følgjer også med tilsyn på internatet som del av oppgåvene. Som kompensasjon har ein avspasering som lærar på heile stillinga.

Lønn etter utdanning og ansiennitet.

Dersom du er interessert i stillinga kan du få nærare opplysningar av spesialpedagogisk rådgjevar Jeanine Heide (996 22 079) og studieinspektør Øystein Mongstad (952 01 605).

Søknad skal sendast til Framnes kristne vidaregåande skule ved rektor, Vikøyvegen 280, 5600 Norheimsund.

Søknadsfrist 15. februar 2024.

 

Powered by Cornerstone