Ny opplæringslov

Regjeringen foreslår ny opplæringslov. For å oppnå parallellitet i privatskoleloven, må store deler av "vår" lov også endres.
2023-03-30

Forslaget til endring er gitt i Prop. 57 L (2022-2023). Dokumentet er presentert her: Prop. 57 L (2022–2023) - regjeringen.no

Kunnskapsdepartementet (KD) sier følgende om den nye loven:

Mange av reglane i dagens opplæringslov blir vidareførte i den nye lova. I tillegg blir det foreslått ein del nye reglar. Det blir mellom annet foreslått reglar som skal bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring, reglar for å tydeleggjere elevperspektivet i lova og reglar som skal styrkje arbeidet med tidleg innsats. Det blir også foreslått lovendringar som skal bidra til å klargjere kva for rettar og plikter som gjeld og lovendringar som skal gjere regelverket betre tilpassa dagens samfunn.

Dette er departmentets forslag til endringer av privatskoleloven:


66.6.1 Opplæringstilbodet
Departementet foreslår

  • å lovfeste ein rett til vurdering og dokumentasjon, sjå forslaget til endring i privatskolelova § 2-3 a første ledd første punktum
  • å lovfeste at departementet kan gi forskrift om tap av retten til vurdering med karakter, sjå forslaget til endring i privatskolelova § 2-3 a første ledd tredje punktum
  • å lovfeste at barnetrinnet skal vere karakterfritt, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 2-3 a første ledd andre punktum
  • å lovfeste at dei private grunnskolane kan flytte opptil 5 prosent av timane i kvart fag til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 2-3 tredje ledd

66.6.2 Det beste for eleven
Departementet foreslår

  • å lovfeste prinsippet om det beste for barnet i ein eigen paragraf om det beste for eleven, sjå forslag til § 5 A-1
  • at prinsippet om det beste for eleven skal ha ein vidare bruk enn Grunnlova og barnekonvensjonen, ved at det skal gjelde for alle elevar, også elevar som har fylt 18 år

66.6.3 Plikt til å vere aktivt med i opplæringa, oppfølgingsplikt ved fråvær og lekser
Departementet foreslår

  • å lovfeste ei plikt om at elevar skal vere aktivt med opplæringa, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 5A-6 første ledd første punktum
  • å lovfeste ei plikt for skolen til å følgje opp elevar som har fråvær frå opplæringa, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 5A-6 første ledd andre punktum
  • å presisere at elevane kan bli pålagt å gjere lekser, det vil seie oppgåver utanom skoletida, og at det må takast omsyn til at elevane har rett til både kvile og fritid, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 5A-6 andre ledd

66.6.4 Samarbeid mellom skolen og foreldra
Departementet foreslår

  • å vidareføre at skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 5 A-3 første ledd
  • at departementet kan gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 5 A-3 andre ledd

66.6.5 Medverknaden til elevane
Departementet foreslår å

  • lovfeste at elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve, at elevane har rett til å ytre meiningane sine fritt og bli høyrde, og at meiningane til elevane skal vektleggjast i samsvar med alderen og modnaden til eleven, sjå forslaget til privatskolelova § 5 A-2

66.6.6 Skoledemokratiet
Departementet foreslår å

  • lovfeste at skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med kvalitetsutvikling av opplæringa, skolemiljøet og å fastsetje skolereglar, sjå forslaget til privatskolelova § 5 A-4 første ledd
  • lovfeste at skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, at skolen skal oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet, og at skolen skal hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet, sjå forslaget til privatskolelova § 5 A-4 andre ledd
  • vidareføre at grunnskolar og vidaregåande skolar skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen, men lovfeste at elevane kan velje å organisere seg på annan måte, sjå forslaget til privatskolelova § 5 A-5.

66.6.7 Fjernundervisning
Departementet foreslår

  • at det skal vere lov å gjennomføre delar av opplæringa som fjernundervisning dersom det er gode grunnar for det og det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg
  • at elevar skal få fjernundervisning på skolen med enkelte unntak
  • at fjernundervisning skal gjennomførast slik at lærar og elev kan kommunisere effektivt
  • at skolen skal godtgjere at vilkåra er oppfylte
  • at departementet får heimel til å gi forskrift om fjernundervisning

Sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 3-4 a.

66.6.8 Tilpassa opplæring
Departementet foreslår

  • å vidareføre plikta skolen har til å gi tilpassa opplæring, sjå forslaget til § 3-4 b
  • å vidareføre, og å samle og gjere tydeleg i lova, plikta skolen har til å følgje med på utviklinga til elevane og å melde frå til rektor når det er tvil om at eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og å følgje opp ved å vurdere og setje i verk tiltak, sjå forslaget til § 3-4 c
  • å vidareføre dagens reglar om intensiv opplæring for elevar på 1. til 4. trinn, sjå forslaget til § 3-4 d

66.6.9 Individuell tilrettelegging av opplæringa
Departementet foreslår å

  • vidareføre dagens regulering slik at privatskolelova § 3-6 viser til reglane i ny opplæringslov § 11-4 til § 11-11
  • presisere i § 3-6 at elevar i privatskolar har same rett til individuell tilrettelegging som elevar i offentlege skolar
  • presisere at vedtak om dekning av utgifter til individuell tilrettelegging av opplæringa er eit enkeltvedtak

Sjå forslaget til endringar i § 3-6.

66.6.10 Alternativ og supplerande kommunikasjon
Departementet foreslår

  • at regelen om alternativ og supplerande kommunikasjon blir vidareført i privatskolelova, men med språklege endringar slik at regelen er i samsvar med ny opplæringslov

Sjå forslaget til endringar i § 3-14.

66.6.11 Særskild språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk
Departementet foreslår å

  • vidareføre retten til særskild språkopplæring, inkludert morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag
  • å endre nemningar frå særskild norskopplæring til forsterka opplæring i norsk og frå tospråkleg fagopplæring til tospråkleg opplæring i fag
  • ikkje vidareføre regelen om plikt til å kartleggje ferdigheitene til eleven i norsk før kommunane eller fylkeskommunane gjer vedtak om særskild språkopplæring
  • vidareføre plikta heimkommunen eller heimfylket har til å vurdere ferdigheitene til eleven i norsk undervegs i opplæringa
  • vidareføre regelen om at heimkommunen eller heimfylket til eleven kan bestemme at eleven skal få opplæringa i morsmål ved ein annan skole enn den eleven går på
  • vidareføre at private skolar kan gi innføringsopplæring dersom heimkommunen eller heimfylket har gjort vedtak om slik organisering og om at skolen kan gi slikt opplæringstilbod
  • presisere at reglane om særskild språkopplæring og innføringsopplæring ikkje gjeld for elevar ved internasjonale skolar i Noreg

Sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 3-5 og § 3-5 a.

66.6.12 Fritak frå aktivitetar i opplæringa
Departementet foreslår

  • å utvide retten til fritak frå aktivitetar i opplæringa slik at retten også gjeld elevar i vidaregåande skolar
  • at unntaket frå rett til fritak for aktivitetar i opplæringa som i dag gjeld elevar i private grunnskolar godkjende på livssynsgrunnlag, også skal gjelde elevar i private vidaregåande skolar som er godkjende på livssynsgrunnlag
  • å endre ordlyden i privatskolelova § 3-12 frå «oppretta av religiøse grunnar» til «godkjent etter § 2-1 andre ledd bokstav a livssyn»

Sjå forslag til endringar i privatskolelova § 3-12.

66.6.13 Informasjonsplikta skolen har overfor elevane
Departementet foreslår å

  • vidareføre at skolen skal gi elevane og foreldra deira den informasjonen dei treng, mellom anna om opplæringa, kvar enkelt elev, skolemiljøet, skolereglane og dei rettane og pliktene elevane elles har
  • lovfeste ein overordna paragraf om plikta skolen har til å gi informasjon til elevar og foreldre

Sjå forslaget til ny § 5 A-8 i privatskolelova.

66.6.14 Inntak til private vidaregåande skolar godkjende etter privatskolelova
Departementet foreslår

  • å vidareføre dagens reglar om at ungdom med rett til vidaregåande opplæring skal ha prioritet framfor vaksne søkjarar ved inntak, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 3-1 andre ledd
  • at retten til yrkesfagleg rekvalifisering kan takast ut i ein privat vidaregåande skole, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 3-1 andre ledd

66.6.15 Overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring
Departementet foreslår at dei vidaregåande skolane skal sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og at grunnskolen skal samarbeide med den vidaregåande skolen om overgangen, sjå forslaget til ny § 5-6 i privatskolelova

66.6.16 Personalet i skolen
Departementet foreslår å

  • lovfeste eit krav om at skolen skal sørgje for å ha tilgang på vikarar ved vanleg og venta fråvær, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 4-6.

66.6.17 Politiattest og vandelskontroll
Departementet foreslår ein tilsvarande regel om politiattest og vandelskontroll som i ny opplæringslov. Det betyr

  • å vidareføre eit krav til politiattest for dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, den vidaregåande skolen, leksehjelpa eller skoleliknande aktivitetstilbod
  • at skolen ut frå gitte kriterium kan krevje politiattest frå dei som skal ha praksis i skolen, leksehjelpa og skoleliknande aktivitetstilbod
  • å vidareføre at skolen kan krevje politiattest frå personar som skal utføre oppgåver i grunnskolen, den vidaregåande skolen, leksehjelpa eller skoleliknande aktivitetstilbod
  • å utvide området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest
  • å presisere at det er eit tilsetjingsforbod ved merknader om seksuelle overgrep mot mindreårige
  • å vidareføre kravet om at skolen skal vurdere konkret om ein person bør tilsetjast, ha praksis eller utføre oppgåver i grunnskolen, den vidaregåande skolen, leksehjelpa eller skoleliknande aktivitetstilbod, dersom politiattesten inneheld merknader om andre straffebrot enn dei som gir tilsetjingsforbod og merknader om verserande saker
  • å innføre ein heimel for å fastsetje kva straffebod som skal medføre forbod mot tilsetjing og om innhenting og behandling av politiattest

Sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 4-3.

66.6.18 Definisjonen på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke»
Departementet foreslår å lovfeste definisjonane på omgrepa «vertskommune» og «vertsfylke», sjå forslaget til nytt andre ledd i privatskolelova § 1-3.

66.6.19 Presiseringar om reglar som ikkje gjeld vaksne
Departementet foreslår å ta ut av lova presiseringane i § 3-6 femte ledd og § 3-7 fjerde ledd om at desse paragrafane ikkje gjeld opplæringstilbod spesielt organisert for vaksne. Sjå forslaga til endringar i privatskolelova § 3-6 og § 3-7.

66.6.20 Tilvisingar til reglar i privatskolelova som gjeld skolar godkjende etter kapittel 6A
Departementet foreslår

  • å presisere at det er kapittel 6 A som gjeld for diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 1-2 første ledd
  • å gjere tydeleg forskjellen på skolar godkjende etter § 1-2 i lova og § 6 A-1, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 1-3 tredje ledd
  • at delar av formålsparagrafen også skal gjelde for diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 6 A-7 bokstav a
  • at regelen i § 5-2 a om internkontroll også skal gjelde diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 6 A-7 bokstav n
  • at regelen i § 5-2 b første ledd om plikta styret har til å arbeide med kvalitetsutvikling, også skal gjelde diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, sjå forslaget til endringar i privatskolelova § 6 A-7 bokstav o
Powered by Cornerstone