Ledig stilling som Fundraiser/innsamlingskoordinator, inntil 50 % stilling ved Tryggheim skular

Stillingstittel:     Fundraiser/innsamlingskoordinator
2022-06-23

 

Stillingstittel:     Fundraiser/innsamlingskoordinator

Tilsetting:         Åremål

Vil du vere med å bygge opp eit arbeid som utgjer ein forskjell?

Tryggheim skular søker Fundraiser (inntil 50 %) til å bygge opp og å styrke innsamling til konkrete byggeprosjekt og internatdrift. Du vil sjå resultat av arbeidet og vere med å styrke banda mellom skulen sine støttespelarar og Tryggheim.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å utvide gjevardatabasen (Cornerstone), DM, nyheitsbrev og andre aktivitetar for å styrke fast gjevarteneste. Du vil få ansvar knytt til Tryggheimlotteriet og basarkveldar.

Utforming av skulen sine fundraising-aktivitetar vil vere i samarbeid med KNIF Fundraising. Som Fundraiser vil du vere kontaktperson mot KNIF Fundraising som vil bistå med råd og rettleiing. Du vil ha eit nært samarbeid med informasjonsteamet på skulen for utforming av nyheitsbrev, DM og SOME.

Det kan vere mogleg å kombinere stillinga med lærarstilling/undervisning.

Erfaring som fundraiser i frivillig sektor eller liknande arbeid vil vere ein fordel, og det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Du vil jobbe fritt og sjølvstendig, men på same tid ha ressursar og kollegaar å støtte deg til. Moglegheit for fleksibel arbeidstid.

Den som vert tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremje målsetjinga ved skulen. Søkjarar må difor dele det kristne livssynet. Misjonssambandets verdigrunnlag ligg til grunn for stillinga.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

 

Søknad og CV kan sendast elektronisk til post@tryggheim.no. Søknad kan også sendast per post:

Styret for Tryggheim Skular

v/rektor

Tryggheimvegen 13

4365 Nærbø

Søknadsfrist: Snarast og før 20. juni

Powered by Cornerstone